Kategoriarkiv: undervannsbilder

Meir dykking ved KNM «Helge Ingstad»?

Alle kjettingane som skal festast rundt skroget er ennå ikkje på plass. Før jul fortalde Forsvaret også at det er for trangt til å få plassert det siste settet med kjettingar, fordi fregatten ligg mot sjøbotnen, og at dei difor vurderer andre løysingar for dette partiet av skipet. Les også: Se de første undervannsbildene av skadene på KNM Helge Ingstad Torsdag kom kranfartyet «Gulliver» attende, etter å ha vore på eit anna oppdrag i Tyskland. «Gulliver» ligg nå saman med kranfartyet «Rambiz» på Hanøytangen. Dei to spesialfartya er tenkt brukt i løfteoperasjonen. Les også: Fregatt-ulykken trakk ned norsk oljeproduksjon Det er framleis uvisst når sjølve hevinga vil byrje, opplyser kommunikasjonsrådgjevar Elisabeth Sandberg i Forsvarsmateriell. Les også: Forsvaret utset hevinga av KNM «Helge Ingstad» til neste år