Trur framtidas fiskebåtar blir heilt annleis enn i dag
Inge Bertil Straume frå skipskonsulentselskapet Skipsteknisk meiner konkurransen tvingar fram ei utvikling der fiskebåtane blir utstyrt for å fiske med mange ulike reiskap.
Det handlar om økonomi og å få utnytta kapasiteten i flåten i det sesongbaserte norske fisket. Då er få reiskapstypar på kvart farty ikkje vegen å gå.
Skipsteknisk er allereie i gang med å utvikle såkalla fleirbruksskip.
Inge Bertil Straume i Skipsteknisk. Foto: Ogne Øyehaug
– Vi jobbar med ei veldig ressursterk reiargruppe, seier Straume til Nett.no.
Utvikling er i gang
Utviklinga i retning fleirbruksskip er alt i gang, sa Straume på konferansen «Framtidas fiskebåt» under Blue Fish 2017-messa i Ålesund nyleg.
– Ikkje alle likar det, men eg trur det kjem, seier Straume.
Politisk problem
Mykje av teknologien for å utstyre fiskebåtane med fleire reiskapstypar er alt på plass.
For politikarane kan det imidlertid bli ei hovudpine, sidan fordelinga av fiskekvotene blant anna er fordelt melom ulike fartytyper, der det er regulert kva båtane i kvar gruppe kan fiske med og etter.
Framveksten av fleirbruksfarty kan difor utfordre dagens kvotereguleringar.
Meir automatisering, nye yrke
Straume ventar at automatisering av arbeidet ombord på ei fiskebåt berre vil halde fram, og at det blir færre folk ombord.
Men arbeidsplassane på sjøen vil ikkje forsvinne, sjølv om det kan bli færre av dei.
– Det blir folk i sentrum av alle operasjonar, seier Straume.
Krava til kva folk skal kunne kan imidlertid endre seg med automatiseringa, der ekspertar på automasjon og programmering blir etterspurt.
Men større utnytting av restråstoff blir også folk som kan kjemiprosess og har bioteknologi-kunnskap aktuelle ombord.
Ventar på revolusjon
Enn så lenge er vil diesel vere drivstoffet for fiskeflåten, meiner Straume. LNG har så langt ikke vore ein suksess. Utstyr, skip og motorar blir stadig meir effektive, men det er snakk om mange små steg og ingen store endringar.
– Det vi ventar på er ein revolusjon innan energibærarar, seier Straume.
Han trur det kan ta lang tid før revolusjonen kjem, men peikar på to alternativ som allereie er under utvikling; hydrogen og saltvatn. Hydrogen blir brukt i brenselceller som lagar elektrisitet. Energi kan også hentes ut fra saltvannløsninger gjennom såkalt nanoflow-celle – et lite saltkraftverk.
