Kategoriarkiv: Kjøleanlegg

Skaffa seg storkontrakt på Johan Castberg, no skal dei vekse kraftig på Stord

– Arne er eit unikum. Han har vore sentral i kjøleanlegga i nesten alle bustadkvartera som har gått ut frå Stord sidan 1996, fortel Morten Hegdal til Stord24. Han er dagleg leiar i Trondheim-selskapet Winns, som spesialiserer seg på leveranse av CO2-baserte kjøle- og varmeanlegg. Teknologiutviklinga til selskapet har blitt støtta av Innovasjon Norge med mange millionar. Skal vekse kraftig på Stord I fjor sommar starta selskapet avdeling på Stord, der Arne Børtveit til no har vore einaste tilsette. No har Winns akkurat teikna ein storkontrakt med AF Mollier for levering av CO2-baserte køleanlegg på Johan Castberg-skipet, som skal byggast på Stord. Norsk teknologi skal bidra til økt utvinning på Johan Castberg-feltet Dermed er selskapet allereie no klare til å satse stort på Stord-avdelinga. – Me skal vekse betydeleg og har store ambisjonar for Stord. Me ønskjer å tidoble staben på Stord. Me er superinteresserte i å kome i kontakt med alle som har ein lidenskap for miljø og som har CO2 og kjøling i blodet. – Det største satsingsområdet for Winns er i desse dagar på Stord. Vil hjelpe bransjen å nå klimamåla Forretningsmodellen til Winns er produksjon og levering av CO2-baserte kjøleanlegg. Dette er eit svært miljøvenleg og energiøkonomisk alternativ til syntetiske kuldemedium, som er i ferd med å bli utfasa. – Visjonen vår er å bidra til å nå klimamåla til verda. Me har jobba mykje med å snakke med dei store som til dømes Equinor og Telenor, om risikoen med dei klimaskadelige og til dels giftige gassane. Heilt opp til i dag vert det levert kuldemedium som me veit vil bli utfasa etter 2020. Då kjem dei til å få ei kjempeutfordring. Norsk heisleverandør stikker av med Castberg-kontrakt Hegdal fortel at teknologien som Winns leverer gjer at kundane sparar opp til 75 prosent energi, og stor reduksjon i utgiftene knytta til energi. Så langt er det daglegvarebransjen i Norge som har gått foran med den nye teknologien, der det i dag stort sett berre blir nytta CO2-baserte kjøleanlegg. No byrjar industrien å kome etter, og det er dette som er bakgrunnen for at Winns ønskjer å satse på Stord. Winns skal levere kjøleanlegg for Johan Castberg-skipet, som skal byggast på Kværner Stord. Illustrasjon: Statoil – Spennande region – Me ønskjer å satse både offshore og onshore. Dette er ein spennande region som veks mykje. Arne sin erfaring frå offshore er jo også unik, som gjer at me får høve til å satse langt utanfor norske grenser. Hegdal nemner sjukeheimar og burettslag som døme på andre segment der dei ønskjer å levere anlegg. CO2-teknologien kan også brukast i varmepumper, med ein heilt annan verkningsgrad enn tradisjonelle varmepumper. – Eit burettslag i Trøndelag sparte 250.000 kroner i året på straumutgifter etter at dei tok i bruk berre éi CO2-varmepumpene. Det er ikkje berre klimavenleg, men supereffektivt energiøkonomisk. Johan Castberg fortsetter å drysse over norske selskaper Teknologien til Winns med naturlege kjølemedia er ikkje heilt ny. Den vart utvika av forskar Gustav Lorentzen frå Trondheim allereie på 1980-talet. – Allereie då spurte han bransjen kvifor ein ikkje nyttar naturlege kuldemedia. Teknologien var jo til stades. Først no kjem industrien etter. Det handlar om at folk får erfaring med det og ser at det er ufarleg. I tillegg har jo prisane gått kraftig ned, seier Hegdal. – Ekstremt viktig kontrakt Arne Børtveit har bygd opp kompetanse frå offshore-basrte kjøleanlegg gjennom mange år. Då han jobba i Børtveit Elektro på 1990-talet var han sentral i leveringa av kjøle- og frysesystemet på bustadkvarteret til Njord A, som no er tilbake på Kjøtteinen. Seinare har han vore tilsett i Apply TB, fram til han vart henta inn av Winns i fjor. At dei no har fått storkontrakt på Johan Castberg kan dei ikkje overdrive betydninga av. – Dette er ein ekstremt viktig kontrakt. Det er ein milestein for oss å levere anlegga våre offshore for å vise at dei fungerer. Det vil skape en presedens for andre oljeselskap som me kan bruke som referanse. Me er utruleg nøgde med dette, sidan det er snakk om eigenutvikla og eigenprodusert teknologi, seier Børtveit. – Det er historisk, for det har aldri før blitt produsert og levert CO2-basert dataromskjøling offshore.