Kategoriarkiv: Tore Ulstein

Endte med ein halv milliard i minus – tar likevel ut utbytte

– Begrunnelsen er at vi har eigarar som må betale formuesskatt, seier finansdirektør Catrine Kristiseter Marti i Ulstein Group ASA om utbyttet for 2016 til Nett.no. Ulstein Group omfattar mellom anna Ulstein Verft og har Ulsteinfamilien (Gunvor, Tore, Ingerid, Vegard og Idar Marius Ulstein, med familie) sitt selskap Ulsmo som største eigar (57,7 prosent). 2015 vart eit tøft år for Ulstein Group-konsernet med 135 millionar kroner i underskot før skatt. 2016 vart eit enda tøffare år med minus 530 millionar før skatt. Droppa utbytte etter 2015 Etter resultatet i 2015 konkluderte selskapet med at det ikkje var rom for utbytte. Det er det no, men Kristiseter Marti seier selskapet gjerne skulle sleppe konsekvensen av formuesskatten. – Vi skulle gjerne latt pengane bli i konsernet, seier ho. Skatt på nordmenn Konsernsjef Gunvor Ulstein og visekonsernsjef Tore Ulstein er talspersonar for å kutte i formuesskatten, mellom anna fordi den skil mellom eigarar busett i Noreg og utlandet og fordi dei meiner skatten tappar selskap for kapital som kunne blitt reinvestert i selskap. – Det er et tankekors at vi ville sluppet å betale formuesskatt på vårt eierskap i Ulstein Group hvis familien hadde vært bosatt i London og ikke i Ulsteinvik, sa Gunvor Ulstein til Dagens Næringsliv i 2015. – Å tappe bedrifter for å betale utbytteskatt og deretter formuesskatt gjør det vanskelig å gjøre omstillinger og å være bærekraftig i det lange løpet, sa Tore Ulstein til Dagens Næringsliv i 2016. I same båt Ulstein Group-eigarane er ikkje åleine om å måtte betale formuesskatt trass i at selskapet dei eig går i minus. – Mi årsinntekt og kona sin pensjon dekkjer ikkje det vi må betale i formuesskatt. Dermed vert eigenkapitalen i selskapet tappa for å dekkje skatten. Dette føler vi er både urimeleg og uheldig for selskapet, sa Hareid Group-aksjonær Bjørn Bjåstad til Nett.no i fjor.