Kategoriarkiv: Vest-Afrika

Plattform bygd på Stord på 80-talet er blitt «tikkande miljøbombe» i Benin

Det var like etter den store oljekrisa på 1970-talet, og krise i norsk verftsindustri. Det var også tilfelle på Stord. I tillegg vart det beslutta at Statfjord B-bygginga ikkje skulle til Stord Verft, noko som førte til massepermitteringar og nokre av dei verste kriseåra i verftet si historie, skriv Stord24. For å motvirke krisa bestemte norske styresmakter seg for å leite opp oljeprosjekt i U-land, og tilby gunstige lånevilkår mot at landa kjøpte tenester frå norske verft. Dette førte til utbygginga av Sèmè-oljefeltet i Benin i Vest-Afrika. Redning for arbeidarane på Stord Dette gav etter kvart arbeid til Stord. I 1981 fekk Stord Verft i oppdrag av Saga Petroleum å byggje den einaste «jack-up-riggen» som har vore bygd på Stord: «Amazone». Ein kjærkomen kontrakt på nær 200 millionar kroner, som gav arbeid til alle dei 1600 tilsette ved verftet. Men plattformavtala med Norge skulle ikkje vise seg å vere ein god avtale for Benin. Feltet hadde avgrensa inntening, og det meste av inntektene forsvann i renter og avdrag for norske lån. Etter 1998 har det ikkje blitt tappa olje frå feltet. Det er tydelege oljelekkasjar på riggane i Benin. Foto: Seme Oil Field Project Tikkande miljøbombe Men ein fersk FN-rapport sender no mørke skyer over det norskutvikla oljefeltet i Benin. Feltet har ikkje vore i drift på 20 år, og plattformane står framleis og rustar i havet. Dette kjem fram i den nyaste utgåva av Bistandsaktuelt. Presidenten i det fattige afrikanske landet meiner Norge har eit ansvar for å stanse det han omtalar som ein «tikkande miljøbombe». Det vert frykta omfattande lekkasjer frå oljeledningane frå dei ti oljebrønnane. – Eit utslepp vil vere svært alvorleg for lokalsamfunn og deira livsgrunnlag langs heile Benins kystline. Plattformane bør fjernast på den eine eller andre måten. Jo før det skjer, jo billegare, seier Muralee Thummarukudy til Bistandsaktuelt, som har skrive den ferske FN-rapporten. Norske styresmakter har derimot gjentekne gonger avvist landet sitt ønske om hjelp til å rydde opp.

GC Rieber Shipping sikrer flere Afrika-kontrakter

Shearwater GeoService har fått to seismikk-kontrakter. Det skriver morselskapet GC Rieber Shipping i en børsmelding onsdag. Selskapet er deleid mellom GC Rieber Shipping og Rasmussengruppen. Tre og fem måneder Den første kontrakten er for å innhente  3D seismikk over et område på mer enn 3.500 kvadratkilometer, i tilknytning til Sidi Moussa-lisensen utenfor Marocco. Arbeidet er planlagt til tredje kvartal i år, og vil ta 3-4 måneder. I tillegg er det inngått en fem måneders kontrakt for en ikke-oppgitt kunde som er engasjert i Vest-Afrika. Arbeide skal foregå i sommer og strekker seg over 10.000 kvadratkilometer. – Styrker ordreboken betydelig Begge kontraktene vil styrke selskapets ordrebok betydelig for sommeren og høsten 2018, heter det i meldingen. Shearwater GeoService ble etablert i 2016, hvor Rasmussengruppen gikk inn med 45 millioner dollar. Fra GC Riebers side kom 15 millioner dollar og de fire seismikkskipene Polar Empress, Polar Duke, Polar Duchess og Polar Marquis (bildet øverst).

Ocean Installer med kontrakt i Mauritania

Ocean Installer har fått kontrakt med BW Offshore for å bistå med å demobilisere produksjonsfartøyet Berge Helene på Chinguetti-feltet 80 kilometer vest for Mauritania i Vest-Afrika, ifølge en pressemelding. Det er Petronas som har initiert demobiliseringen.  Offshoreoperasjonene begynner rundt mars, og omfatter frakobling og våtlagring av fleksible stigerør, kontrollkabel og ankerliner fra FPSO-en. – Vi fortsetter å bygge erfaring i Vest-Afrika. Ocean Installer har gjennomført vellykkede jobber i Kongo, Nigeria og Ekvatorial-Guinea. Dette er vår første jobb i Mauritania, og vi setter stor pris på tilliten fra BW Offshore, sier administrerende direktør i Ocean Installer, Steinar Riise. Les også: Ocean Installer med stor kontrakt for Statoil