Kategoriarkiv: Hege Økland

Foreslår to nye medlemmer til BKK-styre

Bergen kommune oppnevner to av styremedlemmene i konsernstyret til BKK. Dagens styreleder Oddvard Nilsen og styremedlem Ranveig Frøiland har ønsket å fratre. Derfor foreslår byrådet to nye styremedlemmer fra Bergen kommune, skriver kommunen i en pressemelding. Jan Erik Kjerpeseth er født i 1971 og er konsernsjef i Sparebanken Vest. Han er utdannet sivilmarkedsfører fra Norges Markedshøyskole, samt... Source

«Ampere er mykje meir enn ei ferje»

Den 31. juli publiserte Sysla ein artikkel som tok for seg driftsproblem med den elektriske bilferga MF «Ampere» som har gått i rute over Sognefjorden sidan 2015. Som vestlending og flittig ferjebrukar kan eg skjøna dei reisande sin frustrasjon over innstillingane Sysla skriv om, men artikkelen gir ikkje eit rett bilete av dagens situasjon. Dette er og eit tilsvar til alle som i ulike kommentatorfelt brukar nemnde artikkel som eit bevis på at batteriteknologien ikkje er klar. Unik MF Ampere var verdas fyrste heilelektriske ferje, og er difor unik i maritim samanheng. Slike store utviklingsprosjekt skaper alltid utfordringar, som ein løyser undervegs. Problema ein opplevde i fjor vart i stor grad løyst i februar ved å setja inn meir batterikapasitet og auke ladeeffekten frå land – og det er eit mindretal av innstillingane i 2017 som skuldast batterisystema. I perioden mai-juli har også Ampere fleire dagar gått i A-ruta, som i praksis betyr at ferja utfører opptil 12 fleire avgangar dagleg enn dei kontraktsfesta 34. Eit sterkt bevis på at teknologien fungerer! Ein kan og nemna at ein ved innføringa av Ampere auka talet på ferjer på sambandet frå to til tre, for å redusera risikoen for oppdragsgivar og reisande. Til tross for ein noko mindre driftsregularitet på ei av dei tre ferjene, har ein difor likevel hatt eit betre tilbod på sambandet etter innføringa enn det som var tilfellet før Ampere. Strengare miljøkrav Som ein av dei som har følgd Ampere-prosjektet frå byrjinga, meiner eg vidare at ein ikkje kan snakka om Ampere utan å nemne den store verdiskapinga ferja har hatt for den norske maritime industrien. Då idéen om verdas fyrste heilelektriske ferje tok form i 2012, var elektrifisering av skip berre ein visjonær tanke i store delar av det maritime miljøet. Ved sjøsettinga i 2015 vakte MF Ampere difor stor merksemd over heile verda. Etter berre kort driftstid beviste ferja for industrien at batteriteknologi gir store reduksjonar i både energikostnader og utslepp. Ved å demonstrera at batteriteknologien var kome så langt at den var blitt et alternativ, var Ampere ein direkte årsak til at regjeringa sette strengare miljøkrav i ferjeanboda frå 2014. Som følgje av dei nye krava vil i overkant av 50 bilferjer med batteripakker vil være i drift i løpet av 2020. Ampere har også lagt grunnlaget for teknologi og løysingar som har komme til nytte i fleire andre sektorar, som til dømes offshoresektoren der fleire og fleire båtar no får installert batteri om bord. Store verdiar Det som i 2012 var ein visjonær tanke, er i dag ein realitet. Batteri til skip er blitt ei ny næring, og Noreg med Vestlandet i front er på mange måtar blitt ein spydspiss for elektrifiseringa av skipsfarten. Det seier seg sjølv at dette gir stor verdiar for norsk industri i form av eksporterbar teknologi, som er med på å sikre både noverande og framtidige arbeidsplassar. Eit mål for alle oss som utgjer den norske maritime klynga er å gjera norsk shipping til eit utstillingsvindauga og ein plattform for eksport av miljøteknologi og grøne transporttenester. Dette oppnår me gjennom å utvikla nye løysingar som verda treng, og som er banebrytande for teknologiutviklinga i næringa. MF Ampere er for meg eit av dei beste eksempla på korleis me har lukkast i dette arbeidet.