Kategoriarkiv: tvist

Kriseramma lakseeksportør må ut med millionbeløp etter tapt søksmål

Det var i 2014 at Global Salmon fekk klager frå japanske importørar om at laksen dei hadde kjøpt hadde kvalitetsmanglar. Det førte til reklamasjon og eit økonomisk tap på 10,9 millionar kroner for selskapet. Fisken var prosessert hos Romsdal Processing, og ifølgje Global Salmon var årsaka for sein innfrysning, då kuldeanlegget ikkje var kopla til då laksen vart frakta frå Midsund til Ålesund før transport til Japan. Retten, derimot, avviser påstandane og meiner hard prosesseringsgrad (etter tilvising frå Global Salmon) og lang lagringstid er meir sannsynlege årsakar til kvalitetsmanglar. – Me er sjølvsagt ikkje einig i retten si vurdering. Me har ikkje teke stilling til om me skal anke saka, seier advokat og styreleiar i selskapet, Jon Ketil Gjørtz, til iLaks. Dyrt for Global Salmon Advokat og styreleiar i Global Samon, Jon Ketil Gjørtz. FOTO: Advokatfirmaet Øverbø Gjørtz. Å anke saka kan nemleg bety ytterlegare kostnadar for kriseramma Global Salmon, som har store økonomiske utfordringar etter reklamasjonen frå mottakarane Global Salmon Japan Inc (ikkje tilknyt det norske selskapet) og Sakanya Inc. Global Salmon er dømd til å betale 392.884 i produksjonskostnadar til Romsdal Processing, 332.576 kroner i forseinkingsrente i tillegg til 1.946.226 kroner i sakskostnader. Det utgjer totalt 2,67 millionar kroner. Kvalitetsmanglane iLaks har utan hell forsøkt å få kontakt med dagleg leiar i Romsdal Processing, Hugo Vegar Heggdal. «Ifølge de japanske kjøperne mistet laksefiletene ved tining etter kort tid celleveske og olje. I tillegg var filetene pa?ført betydelig spalting/gaping (revner i fiskekjøttet). (…) Dette medførte at de japanske kjøperne holdt tilbake betaling av leveransene, med den følge at Global Salmon stod i fare for a? lide et betydelig økonomisk tap», står det i rettsdokumenta. Les mer: Gjeldsmarerittet fortsetter for Global Salmon «Romsdal Processing hadde en egen kvalitetsmanual, og Global Salmon ma?tte kunne forvente at Romsdal Processing fulgte denne. (…) Innfrysing til – 18 grader skulle ifølge kvalitetsmanualen skje innen 36 timer», heiter det i Global Salmon sitt påstandsgrunnlag. – Fullstendig klar over behandlinga Slik svarar Romsdal Processing i retten: «Global Salmon har ikke klart a? sannsynliggjøre feil eller mangler ved bearbeidingen og innfrysingen av partiene med laks som omhandles i denne saken. Bevisføringen etterlater seg mange «sorte hull». (…) Fryselagringstemperaturen under sjøfrakten til Japan og under lagring i Japan foreligger ikke. Det samme gjelder hvordan fisken ble tinet opp etter den kom til Japan.» «Dag Ryste var til stede under produksjonen, og han var fullstendig klar over at den behandlingen fisken ble utsatt for, kunne medføre kvalitetsmessige problemer», står det vidare. Slik vurderte retten det Det fekk dei medhald i. Når retten avviser Global Salmon sitt hovudkrav, peiker dei på at det ikkje er tilstrekkeleg bevisført at kvalitetsmanglane skuldast feil innfrysing hos Romsdal Processing. «Det er mer sannsynlig at skadene har sammenheng med den relativt harde prosesseringsgraden som fisken, etter anvisning fra Global Salmon, ble utsatt for under produksjonen, samt belastninger som fisken ble utsatt for som følge av opptining og lang lagringstid (17–18 ma?neder)», står det i rettens vurdering. Les mer: Fem år på rad med underskudd, negativ egenkapital og høy gjeld. Romsdal Processing er eigd av Lerøy Aurora, SalMar Nord og Midsund Kommune. Dei to oppdrettselsskapa eig 44,4 prosent kvar, medan Midsund kommune har ein andel på 11,1 prosent. Dagleg leiar Ryste er største askjonær i Global Seafood. Mot konkurs? Advokat Gjørtz fortel om ein svært alvorleg økonomisk situasjon i selskapet. – Selskapet, gjennom heile denne affæra, har tapt eit betydeleg beløp, seier han og peiker på at selskapet oppførte verksemda i 2016. – Er ein konkurs nært føreståande? – Umogleg å seie. Situasjonen er som den er, svarar han. – Kva vil skje vidare no? – Det er ikkje godt å seie. Me får sjå kva me bestemmer oss for. Med dei problema me fekk i Japan og med utfallet rettssaka fekk er det ikkje enkelt.