Kategoriarkiv: Tersan Shipyard

Tersan byggjer to skip til Havila Kystruten

Dette stadfestar styreleiar Per Sævik til Nett.no. – Stålarbeidet har så vidt starta, og vi har avtale om at dei to skipa skal leverast til september 2020. Elleve norske skip under bygging Sævik seier at alle formalitetar rundt denne kontrakten no er på plass. – Vi har også gjort første innbetalinga til verftet. Les også: Slik påvirkes norske redere av Tyrkia-krisen Tersan er kjend for å byggje ei rekkje norske fartøy, både fiskefartøy, ferjer og offshorerefartøy. Verftet har no femten skip under bygging, der heile elleve er for norske reiarar. Nær spansk avtale Per Sævik har tidlegare stadfesta at ingen av dei fire skipa til Havila Kystruten skal byggjast i Norge. Det spanske verftet Hijos de J. Barreras i Vigo har sjølve flagga at verftet har fått kontrakt på bygging av dei to andre skipa til Havila Kystruten, men har også sagt at ein ønsjer å setje bort det eine skipet til eit anna verft som underentrepresise, dette på grunn av stort arbeidspress ved verftet. Les også: Den første av fem Havyard-ferjer sjøsatt i Tyrkia Barreras opplyser også at kontraktsprisen på dei 125 meter lange skipa med kapasitet til rundt 700 personar samla er på rundt 200 millionar euro, rett i underkant av ein milliard norske kroner for kvart skip. Per Sævik seier no at det nærmar seg ei avklaring med Barreras. – Her er vi ikkje heilt i mål, men det nærmar seg.

Trur på kortvarig turbulens i Tyrkia

Nordea rår norske reiarar til å ikkje signere kontrakt om bygging av skip i Tyrkia no, på grunn av den store politiske og økonomiske uvissa knytt til situasjonen i Tyrkia, skriv Nett.no. I følgje banken vil europiske bankar ikkje stille garantiar for forskotbetaling til tyrkiske verft. Les også: Slik påvirkes norske redere av Tyrkia-krisen – Vi anbefalar våre kundar å avvente Tyrkia, seier Mads Erik Eriksson i Nordea. Han arbeider med internasjonal handel, og har på kort tid sett eit kraftig forverring i vilkåra for tyrkisk økonomi. – Det som har skjedd dei siste vekene er at europeiske bankar har slutta at ta risiko på tyrkiske bankar, seier Eriksson. Ikkje problem Bakgrunnen er den politiske konflikten mellom USA og Tyrkia, på toppen av fallet i den tyrkiske valutaen og uvisse om den politiske og økonomiske utviklinga i Tyrkia. Sakir Erdogan, direktør for forretningsutvikling i Tersan Shipyard, seier han verftet ikkje har kjent på problem og at ein kunde så seint som i førre veke fekk garantien på plass som sikrar at verftet kan gå i gang med kontrakten. Les også: Ervik bygger to nye autolinebåter i Tyrkia – Vi har eit stor mengde prosjekt under bygging for kundar i Noreg. Vi merkar ikkje noko til desse vanskane, seier Erdogan. Han trur det er snakk om ei kortvarig uro. – Min spådom er at det ikkje er snakk om ein langvarig eller mellomlang turbulens, knappast ein kortvarig, seier Erdogan. 15 skip under bygging Tersan Shipyard var første gang på Nor-Fishing i 2012 som det første verftet frå Tyrkia. I år er fire tyrkiske verft på plass. På topp har åtte verft frå Tyrkia vore samla på Nor-Fishing, men byggearbeida på messeormrådet i år har reduserte plassen og det har vore med på å redusere deltakinga frå Tyrkia, trur Erdogan. Tersan Shipyard har 15 skip under bygging, 11 av dei for norske kundar.