Kategoriarkiv: Spania

Varslar fregatt-verftet om mulig søksmål

Kven har skulda for at KNM «Helge Ingstad» gjekk ned etter ulykka i Hjeltefjorden? Før jul sa Havarikommisjonen at fregatten ikkje tolte kollisjonen så godt som han skulle. Tankaren «Sola TS» laga ei fleire titals meter lang flenge i skutesida. Skaden var likevel ikkje verre enn at skipet skulle halde seg flytande. Propellakslingar gav lekkasje Det ingen var klar over, var at gjennomgåande, opne propellakslingar førte til at vatnet fossa vidare inn i både girrom, aktre maskinrom og fremre maskinrom. Skipssjefen vart tvinga til å evakuere det synkande skipet. Forsvarsmateriell har nå varsla det spanske verftet som bygde dei fem fregattane, Navantia, om at det kan kome rettslege krav etter kollisjonen og det påfølgjande havariet utanfor Stureterminalen. Havarikommisjonen omtalte før jul funnet på propellakslingane som «sikkerheitskritisk». Opp mot fem milliardar kroner I eit brev frå juridisk direktør Johan W. Kvandal i Forsvarsmateriell til Navantia, varslar Noreg om at det kan bli aktuelt å nytte «alle rettslege steg eller rettar» mot både Navantia og underleverandørane. Rekninga etter havariet er gigantisk: Fregatten er truleg i realiteten tapt, sjølv om han skal hevast. Innkjøpskostnaden for KNM «Helge Ingstad» er av Forsvaret estimert til 4,3 milliardar 2018-kroner. I tillegg kjem arbeidet med å berge havaristen. Dette er kostnadsrekna til i overkant av ein halv milliard kroner. – Ikkje noko grunnlag for krav Korrespondansen som har gått mellom Noreg og Spania viser at Navantia og selskapets toppsjef, Esteban Garcia Vilasanchez, ikkje set pris på påstandane om at fregattane er feilkonstruert. «Navantia ser ikkje noko som helst grunnlag for krav frå Forsvarsmateriell mot Navantia», svarer Vilasanchez i eit brev 11. januar. OGSÅ NORSK: Delar av fregattmodulane vart bygd i Noreg, blant anna her på BMV i Bergen. Samarbeidet med spanjolane var prega av langvarige konfliktar, blant anna om prisen. Foto: Ørjan Deisz Han varslar at dei kan svare med rettslege steg mot Forsvarsmateriell, og skisserer fleire argument i ein slik strid: At nordmennene har varsla for seint om eventuelle manglar. At Forsvarsmateriell allereie har fråskrive seg rettar knytte til fregattane. Reagerer på medieomtale Navantia-direktøren reagerer også på den store merksemda som Havarikommisjonens funn fekk då desse vart lagt fram i desember. «Forhold som blir knytte til Navantias arbeid» har vore offentleg omtalt av ulike organ på kjøparens side, og har fått «massiv medieomtale», skriv Vilasanchez. Han presiserer at selskapet kan kome til å slå attende rettsleg mot alle utspel «som kan påverke Navantias interesser». Forvirring om hva som skal granskes etter fregatthavariet Lovar konfidensialitet Juridisk direktør Kvandal understrekar at Forsvarsmateriell er glade for – og avhengige av – godt samarbeid med spanjolane. Dei «forstår fullt ut Navantias uro knytta til kommunikasjon og utsegner som kan skade Navantias rykte», skriv Kvandal. Den juridiske direktøren lovar at all kommunikasjon frå Forsvarsmateriells side vil bli halden «på eit konfidensielt nivå», så sant ikkje anna er avtalt. Her sprenger de torpedoene i Hjeltefjorden Planar om møte Navantia-sjefen ber også om eit møte for å drøfte saka. Eit slik møte er planlagt i næraste framtid, men «endelig deltagelse er ikke avgjort», skriv fungerande kommunikasjonsdirektør Hilde Tank-Nielsen i Forsvarsmateriell i ein e-post til BT. Ho opplyser at det norske varselet om moglege krav er sendt «for å unngå tap av rettslige posisjoner grunnet passivitet/ foreldelse». Det er sett inn strakstiltak for å rette på feilen med propellakslingane på dei fire gjenverande fregattane. Permanente løysingar skal vere på plass innan mars. Fryktet at skipet skulle synke Nok ei interngransking Av brevet til Navantia går det fram at Forsvarsmateriell har sett ned ei eiga, intern granskingsgruppe etter kollisjonen. Denne skal undersøkje alle moglege feil eller svakheiter ved Nansen-fregattane generelt, og KNM «Helge Ingstad» spesielt. Gruppa føyer seg til ei lang rekkje organ som granskar ulike sider ved ulykka: Statens havarikommisjon for transport, som har hovudansvaret for å kartleggje alle årsakssamanhengar bak ulykka. Vest politidistrikt, som etterforskar dei strafferettslege sidene ved kollisjonen. Statens havarikommisjon for Forsvaret, som granskar ulykka med tanke på å betre tryggleiken i Forsvaret. Sjøforsvarets spesialoppnemnde interne granskingsgruppe, som både skal sjå på årsaker til ulykka og korleis liknande ulykker kan unngåast i framtida. Selskapa som hadde forsikra «Sola TS»; eit Lloyds-syndikat og Britannia P&I, begge med base i London. Dei risikerer ei gigantrekning dersom det blir skulddeling mellom fregatten og tankskipet, og har eigne granskarar som bur seg på å forsvare deira interesser. Hemmeleg gruppe Medan dei andre offentlege granskingsgruppene er opne om kven dei er, vil Forsvarsmateriell ikkje fortelje kven som skal undersøkje havariet hos dei. «Forsvarsmateriell ønsker ikke å gå ut med navn på våre ansatte i denne interne, tekniske undersøkelsen», skriv kommunikasjonsrådgjevar Vigdis Hvaal i ein e-post. Ho opplyser at målet med undersøkinga er å sikre at «kunnskap blir gjort tilgjengelig for etatens læring etter ulykken». Dei skal rapportere til leiinga i Forsvarsmateriell, og vere ferdige til sommaren. «Funn som blir avdekket i den tekniske undersøkelsen blir fortløpende delt med Havarikommisjonen, Politiet og Sjøforsvarets egen undersøkelse», skriv Hvaal.

Tersan byggjer to skip til Havila Kystruten

Dette stadfestar styreleiar Per Sævik til Nett.no. – Stålarbeidet har så vidt starta, og vi har avtale om at dei to skipa skal leverast til september 2020. Elleve norske skip under bygging Sævik seier at alle formalitetar rundt denne kontrakten no er på plass. – Vi har også gjort første innbetalinga til verftet. Les også: Slik påvirkes norske redere av Tyrkia-krisen Tersan er kjend for å byggje ei rekkje norske fartøy, både fiskefartøy, ferjer og offshorerefartøy. Verftet har no femten skip under bygging, der heile elleve er for norske reiarar. Nær spansk avtale Per Sævik har tidlegare stadfesta at ingen av dei fire skipa til Havila Kystruten skal byggjast i Norge. Det spanske verftet Hijos de J. Barreras i Vigo har sjølve flagga at verftet har fått kontrakt på bygging av dei to andre skipa til Havila Kystruten, men har også sagt at ein ønsjer å setje bort det eine skipet til eit anna verft som underentrepresise, dette på grunn av stort arbeidspress ved verftet. Les også: Den første av fem Havyard-ferjer sjøsatt i Tyrkia Barreras opplyser også at kontraktsprisen på dei 125 meter lange skipa med kapasitet til rundt 700 personar samla er på rundt 200 millionar euro, rett i underkant av ein milliard norske kroner for kvart skip. Per Sævik seier no at det nærmar seg ei avklaring med Barreras. – Her er vi ikkje heilt i mål, men det nærmar seg.