Kategoriarkiv: utvikllingstillatelse

Toppsjefen er skeptisk til enkelte utviklingsløyver

Utviklingsløyvene skal få frem innovative prosjekt i oppdrettsnæringa. Akva Groups største prosjekt er som partner i utviklinga av den nedsenkbare merden Atlantis, som dei har fått positive tilbakemeldingar frå Fiskeridepartementet om. I tillegg har dei vore med på andre, mindre, prosjekt, medan andre selskap jamleg har banka på døra. – Me har heile tida, undervegs, hatt pågang frå mange verksemder. Atlantis-prosjektet er veldig viktig for oss. Der har me eit prosjekt kor me har utvikla nye løysingar som på sikt kan visa seg å bli kommersielle løysingar i framtida – og noko for andre enn dei som er med på prosjektet, seier Muri til iLaks. I tillegg til Akva Group er SinkabergHansen og Egersund Net med. Atlantis Subsea Farming.Innovasjon På departementet sine sider står det følgjande om formålet med ordninga: «Utviklingstillatelsene er en midlertidig ordning med særtillatelser som kan tildeles prosjekter som innebærer betydelig innovasjon og betydelige investeringer. Formålet er å legge til rette for utvikling av teknologi som kan bidra til å løse en eller flere av de miljø- og arealutfordringene som akvakulturnæringen står overfor». Muri er skeptisk til at alle løyvene som er gitt vil bidra til særleg utvikling av bransjen. – Ein kan alltid spørje seg om andre prosjekt, som det er søkt på, vil ha den effekten, seier Muri vidare. – Nokre løysingar er veldig kostbare – Trur du bransjen, på sikt, vil lukkast med løyveordninga? – Det er vanskeleg å svare på i dag. Nokre av løysingane som er i ferd med å realiserast, er løysingar som eg har vanskeleg å sjå for meg vil vere med på å stimulere til nye løysingar, eller som kan gå andre stader og til andre aktørar. Nokre av dei er veldig kostbare òg, seier han. Tore Obrestad og Ola Hausken i AKVA group. FOTO: Ole Alexander Saue. – Kan det vere noko i det at dei ikkje har hatt kapasitet til å handtere alle søknadane så grundig som dei burde? – Eg tykkjer ikkje det er ei overrasking at dei har hatt mykje å gjera. I eine prosjektet, kor me er tett på, er det stilt ganske store krav til dokumentasjon. Det som har vore litt vanskeleg enkelte gangar har vore å få innsyn i tidshorisonten, me har aldri fått vite om kortid me får svar på ting, seier han. – Er det leverandørane, eller oppdrettarane, som går ut som vinnarane? – Det er litt for tidleg å konkludere i. I den grad utviklingskonsesjonane har verdi gagnar det oppdrettarane mest. Det er det ikkje tvil om, seier Muri. Fredag 17. november stenger vindauget for moglegheita til å søkje Fiskeridepartementet om utviklingsløyver.