Kategoriarkiv: Lars Gørvell-Dahll

Maritime leverandørar ser slutten på stor nedtur

Driftsinntektene fall med 16 prosent frå 2015 til 2016 og bedriftene i bransjen kutta bemanninga frå 20.700 til 18.000 personar i løpet av året, skriver Nett.no. Det viser rapporten over tilstanden for skipsutstyrleverandørane, som analyseselskapet Menon Economics la fram på Verftskonferansen tirsdag. Driftsinntektene fall frå 74 til 62 milliardar kroner. For første gang sidan Menon Economics starta kartlegging av bedriftene i bransjen, i 2004, gjekk bedriftene i 2016 med tap også på drifta. Driftsmarginen, driftsresultatet i prosent av driftsinntektene, enda på minus ein prosent. Det er dei største bedriftene, med Rolls-Royce Marine i spissen, som gjer at driftsresultatet vert negativt. Når dei fem største bedriftene verft haldne utanfor har bransjen eit positivt driftsresultat i 2016, men likevel svakare lønsemd enn året før. Menons prognose er at driftsinntektene for skipsutstyrsleverandørane vil falle for tredje år på rad i år, med ytterlegare 10 prosent. Botnen er nådd Sjølv om ordreboka – storleiken på attståande arbeid på inngåtte kontraktar – framleis er fallande, registrerer Menon Economisc eit klart stemningsskifte. Seks av 10 bedrifter trur på auka inntekter neste år. Berre 14 prosent trur på nedgang, og berre fem prosent trur på ein inntektsnedgang på over 10 prosent i 2018. For eitt år sidan svarte 20 prosent av bedriftene av dei frykta ein nedgang i driftsinntektene på over 10 prosent i året som kom. Menon Business Economics tolkar svara slik at bedriftene trur marknaden no har nådd botnen, og at ordreboka vil vekse i løpet av 2018. Menon spår ein liten vekst i 2018, først og fremst takka vere aktivitet i fiskeri, oppdrett, cruise og ferjebygging. Optimismen overvurdert Menon er forsiktig med å seie noko om styrken i oppturen, blant anna fordi historiske erfaringar med spørreundersøkingar er at bedriftene er meir optimistiske til kva som skal skje enn det etterpå viser seg skjedde. Men i år er det eit klart skifte i stemninga samanlikna med dei tre siste spørreundersøkingane. Det er dessutan hos dei selskapa som før var mest negative at stemningsskiftet er størst. Mindre olje og gass Nedturen for skipsutstyrsleverandørane skuldast i stor grad at det er mindre arbeid å hente for olje- og gassmarknaden. I 2014 utgjorde oppdrag knytt til aktiviteten i olje- og gassmarknadne to tredjepartar av driftsinntektene. I fjor fall denne andelen til 43 prosent. Resten er fordelt på tradisjonell shipping (32 prosent), fiskeri- og oppdrett (12 prosent), cruise og ferjer (åtte prosent) og offshore vindkraft (fem prosent).