Simulatorsenteret har gjort heilomvending
Etter oljeprisfallet i 2014 har Offshore Simulator Centre i Ålesund gjennomgått ei stor omlegging, skriv Nett.no.
Då var storparten av aktiviteten knytt til trening av mannskap på offshoreskip. I dag utgjer engineeringarbeid og prototypeutvikling rundt 80 prosent av aktiviteten.
I løpet av to-tre år har også kundebasen endre seg mykje i følgje administrerande direktør Joel Mills. Frå å hente rundt 80 prosent av kundane på Sunnmøre har over 60 prosent av kundane i dag adresse andre stadar i Noreg eller i utlandet, i følgje Mills.
30 tilsette
Offshore Simulator Centre har rundt 30 tilsette og er ikkje heilt i mål med bemanningsauken Mills varsla i fjor haust.
OSC har brukt to år på å utvikle den nye plattformen som alle programma bli laga på. Den investeringa gjer det råd å dra i land fleire oppdrag.
Les også: Her går det mot bemanningsrekord
Medan det før typisk tok seks månedar å utvikle eit simulatorprogram for ei bedrift, tek det no berre seks veker. Når OSC tek betaling for timar som går med betyr det at det er blitt mykje billegare å bruke simulator, noko som gjer at simulator kan brukast til mange fleire og mindre oppgaver enn før.
Ny eigar
Offshore Simulator Centre har Rolls-Royce Marine som ein av fire eigarar, alle med 25 prosent eigarandel.
Det betyr at Kongberg Gruppen kjem inn som aksjonær, så sant oppkjøpet av marinedivisjonen av Rolls-Royce blir godkjent av styresmaktene.
Dei tre andre eigarane er Solstad Farstad, NTNU og Sintef Ocean.
Offshore Simulator Centre hadde ein stor vekst i driftsinntektene i fjor.
Endringa gir ikkje eit presist bilete av aktivitetsnivået, fordi mykje av auken i fjor skuldast vidaresal av maskinvare til Åkp Innovation Arena og NTNU.
Driftsinntekten kan endre seg mykje avhengig av om selskapet leverer maskinvare eller ei, i følgje Mills.
