Kategoriarkiv: Fjord-Kongen

No fraktar ferja verftsarbeidarar til plattform

– Ja, dette er ein draumejobb, seier eigar Terje Kragset til Nett.no. Ferja er oppgradert til oppdraget på Stord, mellom anna med 20 kontorplassar. Foto: Fjord-kongen Kjøpt på tvangssal For to år sidan kjøpte statslosen i Stavanger den 58 meter lange og ti meter ferja på tvangssal av Stord kommune for 1,3 millionar kroner. Då hadde ferja lege ved kai i Stord i over to år. Planen var å drive med fjordcruise, arrangere festar og i tillegg drive klessal i regi av kona Karin som i ei årrekkje har drive med motebutikkar. – Ikkje motekle eller alkohol Men no vert det lenge til neste partytur for Fjord-Kongen. – Ja, no er det verken alkohol eller franske motekle om bord, seier Kragset. To gongar om dagen fraktar Fjord-Kongen arbeidarar til og frå SPAR-understellet til Aasta Hansteen-plattforma. I mellomtida ligg ferja inn til lekteren. Foto: Fjord-kongen Oppdraget på Stord fekk Kragset gjennom ein tidlegare eigar av ferja. – Ferja var ein periode på 80-talet eigd av Nils Agasøster, som har drive med skyssbåtar i rundt 50 år. Det var han som tipsa om at denne ferja kunne brukast til å frakte verftsarbeidarar til plattforma. – Kontrakten er inngått gjennom han. Store dimensjonar SPAR-understellet kom i slutten av juni med verdas største tungtransportfartøy Dockwise Vanguard, og i Digernessundet skal Technip FMC og Kværner Stord sluttføre arbeidet. For å gjere dette, trengst det transport av eit stort antal arbeidarar til og frå. – Fjord-kongen transporterer dagskiftet ut klokka sju om morgonen, og kveldsskiftet ut klokka sju om kvelden, og ligg i mellomtida ved lekteren og fungerer mellom anna som kontor og kantine for arbeidarane. Kontorplassar Til oppdraget har Kragset oppgradert ferja, mellom anna med konferanserom, 25 kontorplassar, garderobe og kiosk. – Det er berre vellætte å høyre hittil, seier Kragset. Han trur det kan verte ei stund til neste fjordcruise. – Kanskje kjem eg ikkje nordom Stadt igjen før Stad skipstunnel er opna? – Uansett håper eg at det kan opne seg for fleire slike oppdrag som vi har no. Bamse-Brakar Fjord-kongen er tidlegare Bamse Brakar, som i ei årrekkje trafikkerte strekninga mellom Aker Brygge i Oslo og Nesodden. Før det heitte ferja Digernes, og før det igjen Kleppestø. I 2016 gjekk selskapet bak Fjord-kongen 1,3 millionar kroner i pluss etter ei omsetning på 4,6 millionar. – I år snakkar vi om heilt andre tal, seier Kragset. Han eig sjølv 60 prosent av selskapet, medan Arve Jøssing eig 20 prosent og Ole Saltsen frå Sverige 15 prosent og Borger Borgenhaug 5 prosent.