– Dette er ein god kontrakt for Stord-miljøet. Det blir ganske mange på Stord som kjem til å jobbe med dette, seier leiaren i Wärtsilä Ship Design, Ove Wilhelmsen, til Stord 24.
Selskapet er tildelt kontrakt for å designe eit toppmoderne multifunksjonsfartøy som skal operera i Antarktis. Wärtsilä skal også utrusta fartøyet med ein omfattande pakke med integrerte framdrifts- og hybridløysingar for å sikra miljømessig bærekraftig drift.
– Dette er eit veldig viktig logistikkfartøy for at fisket skal fungere effektivt der nede. Det blir eit ganske komplekst og avansert skip.
Mykje jobb
Utviklingsjobben kjem til å bli gjort på Stord i Hordaland.
– Designarane skal jobbe frå Stord, og det vil også sysselsetje folk på kontoret vårt i Polen. Me får ein peak no utover våren. Utstyrsdelen er det elektro- og automatiseringsmiljøet her på Heiane som kjem til å stå for det meste av.
Skipet har som oppgåve å støtte Aker Biomarine sine krillfiskebåtar i Sørishavet. Båten skal gå fram og tilbake mellom båtane ved iskanten på Antarktis og til hovudstaden Montevideo i Uruguay der Aker Biomarine har sin base.
Strenge miljøkrav
Å operere i polare strøk stiller ekstra strenge krav til skipsdesignarane.
– Kulden er ein ting. Det er jo eit eige regelverk som må følgjast for polare strøk. Så må me leggje veldig mykje vekt på miljøvenlegheit, og ikkje gi utslepp som skal skade naturen i Antarktis.
Wilhelmsen trur krillfiske kan bli ein viktig marknad for Wärtsilä i framtida.
– Me kan ganske mykje om dette med krillfiske, i og med at me også har designa ein krillfiskebåt for eit kinesisk reiarlag. Me trur at dette er ein viktig del av framtida sine næringsvegar, og trur det blir ein viktig nisje for oss framover. Både kinesarane og russarane er interessert, seier Wilhelmsen.
Les også: Stig Remøy er klar til å bygge ny krillbåt
Ikkje mint er han veldig glad for å ha teikna kontrakt med eit selskap som Aker BioMarine.
– Dette er ein ganske spennande jobb. Så er det artig å jobbe med ein kunde som Aker. Dei stiller store krav, og er blant dei som har lukkast aller best i verda med dette med krillfiske. Dei har hatt veldig stor suksess med fisket og ein god logistikk som gjer at dei har hand om heile verdikjeda.
Det nye fartøyet vil ha Wärtsilä sin prisløna Wärtsilä 31-motor, som av Guinness’ Rekordbok er kåra til verdas mest effektive 4-takts dieselmotor. Alle motorane vil vera utstyrt med Wärtsilä sitt system for NOx-reduksjon (NOR) for å hindra nitrogenoksidutslipp når den er i dieselmodus.
Fartøyet skal vera klart hausten 2021.
– Retten har lagt til grunn at selgernes posisjon var svakere enn vi ble fortalt. Vi vurderer nå om vi skal anke, dette for å sikre våre verdier og investeringer, sier kommunikasjonssjef Ingeborg Tennes i Aker BioMarine til Dagens Næringsliv.
Striden mellom de to selskapene gjelder den patentbeskyttede teknologien på krilltråleren Juvel, som ble tvangssolgt da Emerald Fisheries gikk konkurs. Rimfrost eide krillrederiet og mener de også eide patentene. Aker-selskapet mener på sin side at patentene fulgte med på tvangssalget i mai 2017.
– Vi ønsket tilgang til en driftsklar krillbåt med tilhørende teknologi for å styrke vår flåte og for å begynne umiddelbar drift. Det var vår og selgernes forståelse at kjøpet av Juvel inkluderte både båten og tilhørende produksjonsteknologi, sier Tennes.
Fullt medhold
Krillselskapet får fullt medhold i dommen som ble avsagt i Søre Sunnmøre tingrett fredag der det også heter at Aker BioMarine har tapt på alle punkter.
I tillegg dømmes Aker til å erstatte Rimfrosts sakskostnader på 2,3 millioner kroner.
– Vi er svært tilfredse med tingrettens dom. Den fremstår som grundig og solid fundert. Vi merker oss at retten ikke har vært i tvil om resultatet, sier advokat Ronny Lund, som har vært prosessfullmektig for Rimfrost i saken.
Vil bygge ny krillbåt
Rimfrost og Remøy fikk i desember tildelt en av to nye krillkonsesjoner. Han varslet da at han var klar til å bygge ny krillbåt.
Den andre konsesjonen gikk til Aker BioMarine og Kjell Inge Røkke.
I dag er det bare Røkke-kontrollerte Aker BioMarine av norske aktørar som fangstar krill i Antarktis etter at Røkke overtok Stig Remøy sin tidlegare krilltrålar Juvel.
Aker BioMarine har en 130 meter lang krilltråler til bygging ved Vard Brattvaag.
Krilltråleren Juvel. Arkivfoto: Wikimedia Commons
Det skriv Nett.no.
Striden om teknologien står mellom Aker Biomarine og Rimfrost, men før saka kan takast opp til doms må det avgjerast kva for domstol som skal ha saka.
Aker Biomarine er eigd av Kjell Inge Røkke-dominerte Aker, Rimfrost av Stig Remøy.
Borgarting Lagmannsrett kom 12. mars i år til at Søre Sunnmøre Tingrett i Volda er rette domstol.
Rettsaka vart fastsett å starte 20. august i år, og det vart sett av fem dagar.
Neste år
Aker Biomarine anka avgjerda i Borgarting Lagmannsrett til Høgsterett, der ankeutvalet kom til at Høgsterett skal behandle anken. Dermed blir det ikkje rettsak i Volda, i alle fall ikkje i denne omgang.
Det var NRK Møre og Romsdal som skreiv om anken først
Aker Biomarine meiner Oslo tingrett er rette domstol.
Høgsterett vil truleg avgjere plassering av rettsaka i løpet av hausten, noko som gjer at striden om retten til teknologien ombord i Juvel sannsynlegvis først kjem opp i tingretten neste år.
Strid om teknologi
Aker Biomarine kjøpte krilltrålaren Juvel etter konkursen i krillfiskereiarlaget Emerald Fisheries i 2017. Emerald Fisheries var eigd av Stig Remøy.
Medan Aker Biomarine meiner rettane til teknologien ombord var med på kjøpet, meiner Rimfrost at teknologien tilhøyrer Rimfrost.
Gjennom Rimfrost ønsker Remøy å byggje ny båt og starte krillfiske på nytt.