– Vi er berre i starten på brønnbåteventyret
– Dette er framleis ei ung næring. Verda treng protein, og vi får sjå mykje meir produksjon av fisk. Ikkje berre laks og ørret, men ei lang rekkje andre fiskeslag. Og denne fisken skal transporterast.
53-åringen er direktør i det som er verdas største brønnbåtselskap. 21 brønnbåtar har Sølvtrans, og fire under bygging.
Den siste, Ronja Storm, vert 116 meter lang og 23 meter brei. Båten får eit lastevolum på 7.500 kubikkmeter, og i tillegg ta med seg 5.000 kubikkmeter ferskvatn. Prislapp; vel ein halv milliard kroner.
Halsebakk trur ikkje det stoppar der, og no vert det også sett på å byggje store frakteskip for å frakte laksen rett frå oppdrettsanlegga til kontinentet.
– Det trengst mange fleire skip, og vi skal i høgste grad bidra til veksten.
Ein livsstil
Han er i dag den store brønnbåtkongen, og sat på aksjar til ein verdi på nær ein milliard kroner då det britiske investeringsselskapet Antin Infrastructure Partners overtok aksjemajoriteten i Silver Holding, eigarselskapet bak Sølvtrans. I tillegg fekk Halsebakk ut ein bra haug med pengar ettersom han selde seg litt ned i selskapet, men kor mykje det er snakk om vil han ikkje ut med.
– Det er betre å eige mindre i eit selskap som har pengar og som du har kontroll på, enn mykje i eit selskap som har finansielle problem, seier han.
For det er heilt klart at det er han som skal styre selskapet vidare.
– Dette er ein livsstil. Det er dette eg kan, og dette eg likar, og eg har absolutt ingen planar med å gi meg med det første.
Roger Halsebakk har bygt opp verdas største brønnbåtselskap, her ved modellen av Ronja Storm, verdas største brønnbåt. Foto: Kjetil Haanes
Han seier at pengar ikkje har vore drivkrafta.
– Det er kanskje lett å seie no, men drivkrafta har vore å skape noko, bidra til arbeidsplassar og til vekst og utvikling.
– I tillegg har det vore kjekt. Stort sett.
– Eigentleg lærer ein mest av motgang og nedturar. Det har vi hatt mange av.
Alltid sandsøying
Sølvtrans har flytta inn i lokala til Ålesund sin tidlegare store stoltheit Farstad Shipping, eit symbol på at det er høge tindar og djupe dalar i næringslivet.
– Vi skal passe på slik at vi ikkje tek heilt av. Vi har i dag lite gjeld, vi har eigarar med god tilgang på kapital, og det ser bra ut framover.
Men han synst samstundes det er litt underleg å vere ein av av ålesunds rikaste.
– Det er noko som eg ikkje tenker så mykje på. Og uansett om eg har budd her sidan slutten av 80-talet, vil eg alltid rekne meg som sandsøying.
Litt luksus har han likevel tenkt å unne seg.
– Eg har bestilt ein 34 fots speedsjark frå Finland, ein båt med god dekksplass, heilt ideell til krabbe- og hummarfiske. Då kan eg drage teinene før eg reiser på jobb om morgonen, for står dei lenger, har dei ein tendens til å verte tome.
Brønnbåtfamilie
I tillegg planlegg han og kona Anita å byggje seg nytt hus på Blindheimsneset, ein stad der det frå før er ei god kai.
– Heilt ideelt, seier han.
For tida bur paret i leilegheita hos sonen Robin, om dei ikkje er på hytta på Strandafjellet.
– Vi brukar stadig meir tid på hytta, og trivst godt.
– Og det vert faktisk også ein god del skigåing om vinteren, sjølv om eg var 19 år før eg hadde mine første ski på beina.
Både Anita, sonen Robin og dottera Anja arbeider i selskapet.
– Det er hyggjeleg, men dei er her fordi dei er dyktige, ikkje fordi dei er i slekt med meg, seier Halsebakk.
Starta med stykkgodsbåt
Men det starta i det små på Sandsøya for 33 år sidan.
Halsebakk hadde drive som fiskar frå han var 15, delvis i ein open linebåt, før han reiste til militæret på kystartilleriet på Hysnes Fort. Der slo han ihel tida med å ta skippersertifikat.
Vel heime igjen fekk han med faren Ragnvald, ein sambygding og svogeren hans frå Måløy til å satse på brønnbåtfrakt med den tidlegare klinkerbygde stykkgodsbåten Ida Båge, seinare Ripnes, som seinare vart omdøypt til Sølvtrans.
Prislapp; 2,2 millionar kroner, ferdig ombygt.
Halsebakk var skipper og altmulegmann, og båten kom etter kvart i fast arbeid for Anders Pedersen og Fjordlaks med å frakte ørret frå Tafjord til Ålesund.
Men Halsebakk ville byggje ein reindyrka brønnbåt.
– Ofte når vi låg til kai i Ålesund, kom Halvard og Olav Aas frå Aas Mek Verksted om bord, og vi sat og diskuterte korleis ein brønnbåt burde sjå ut.
Kritiske bankar
Halsebakk fekk ikkje finansiering, og det enda med at Fjordlaks bygde brønnbåten Havørn sjølv.
Frå Panormavindua på Skansekaia kan Halsebakk sjå rett bort på Fjordlaks-anlegget, der Havørn framleis ligg.
– Gode minner, men hardt arbeid, seier han.
Men det kosta å vere pioner i brønnbåtnæringa, og først i 1995, ni år etter overtakinga av Ida Båge, lukkast Halsebakk å få finansiert sitt første eige nybygg – brønnbåten Ronja Fish. Då hadde dei tre andre gründarane seld seg ut av selskapet.
Men finansieringa sat langt inne.
– Eg har mange meter med avslag liggjande. Eg trengde 17 millionar kroner, men bankane meinte det var for dyrt, for risikabelt og at eg hadde for liten eigenkapital.
– Det ordna seg til slutt i Kreditkassen då ein kjenning av meg kom tilbake frå Seattle, og forstod kva vi prøvde å få til.
Mot børs
Første båtane arbeidde i Norge, men etter kvart det satsa også i Skotland, men den siste satsinga vart fort eit mareritt.
– I 1998 vart det ILA-krise, all fisk vart slakta ned og det vart forbode å drive med brønnbåtfrakt der brønnbåtane overførte smitten gjennom opne ventilar.
Men Halsebakk visste råd. Saman med Aas utvikla Halsebakk lukka brønnbåtar, noko som fort vart ein suksess.
– Vi har vore først med utvikling av dei fleste nye standardar innanfor brønnbåtfrakt. Det er eit faktum, seier Halsebakk.
Etter at det vart bygt to nye båtar på 90-talet, og tre nye i 2000, hyrte Halsebakk i 2004 inn Pareto for å skaffe 40 millionar kroner i eigenkapital og eit ansvarleg lån. For dei pengane vart det kontrahert to nye båtar.
Og fleire nybygg kom til, i tillegg til at det vart gjort nokre oppkjøp.
Men dette var også starten på ei straumlineforming av selskapet, der Halsebakk ein periode forlet sjefsstolen medan selskapet segla mot børs. Det siste skjedde i 2010, samstundes som selskapet henta inn 150 millionar friske pengar.
Børsperioden karakteriserer Halsebakk som den vanskelegaste tida for selskapet.
– Eit mørkt kapittel, ei kjempetabbe, og eg lærte at eg aldri meir skal ta handa av rattet i dette selskapet.
Enorm interesse
Etter ein maktkamp klarde Halsebakk i kompaniselskap med medaksjonær og dagens styreleiar Anders Hvide å ta tilbake kontrollen over selskapet, samstundes som det amerikanske hedgefondet Oaktree vart hovudeigar.
– Dette berga oss, seier Halsebakk.
Han var fullt klar over at Oaktree berre hadde fire-fem års perspektiv på investeringa.
Alt i 2017 starta prosessen med å få inn nye eigarar.
– Interessa har vore enorm, både frå USA, Canada og Europa.
Halsebakk seier at britiske Antin Infrastructure Paertners var hans ideelle løysing.
– Bak står ein kar frå Paris og ein frå Liverpool som begge har entreprenørbakgrunn. Dei investerer innanfor logistikkløysingar, forvaltar verdiar for rundt 8 milliardar Euro og har ein lenger tidshorisont enn reine finansselskap.
– I tillegg er det hyggjeleg folk med føtene godt planta på bakken.
Lave kostnader
Det er vekstmulegheiter kombinert med gode driftsresultat som fanga interessa til det London-baserte selskapet.
Sølvtrans har siste åra hatt ein driftsmargin på over 30 prosent av ei omsetning som i fjor kom opp i 840 millionar kroner.
– Hovedgrunnen er at vi har lave kostnader. Mellom anna har vi som mål å ikkje ha meir enn 1,5 mann i administrasjonen per båt. I dag ligg vi på 1,2 – 1,3 mann på land per båt, forklarer Halsebakk.
29 tilsette er det no på landsida i selskapet, fordelt på 22 i Ålesund og sju i Chile. Men i dei nye lokala er det god plass til å vekse.
– Det skal vi, truleg også mykje, seier Halsebakk.
Og sjølv om prisen på båtane har skote til vers, meiner Halsebakk det likevel ikkje er så dyrt – for oppdrettarane.
– Det er ei heilt anna næring. Båtane har vorte større, meir effektive og kan gjere fleire operasjonar.
– Men det sentrale er at for oppdrettarane utgjer brønnbåtkostnaden berre rundt 1,30 kroner kiloen, og brønnbåtkostnaden har i fleire år stått stille.
Stort sprang
Medan intervjuet pågår, har Halsebakk fått tre-fire telefonar, og han svitsjar elegant mellom norsk og engelsk.
Det er eit stort sprang frå den opne linebåten i ungdomen på Sandsøya til å leie verdas største brønnbåtselskap frå dei mest attraktive næringslokala i Ålesund.
Så vi må berre spørje:
– Men kva ville du sagt om du som tjueåring utpå Sandsøya fekk vite at du 33 år seinare var ein av sunnmøres rikaste og god for rundt ein milliard kroner?
– Hadde eg visst det då, ville det nok ikkje gått bra.
