Kategoriarkiv: løyve

Låg omsetnad for pioneráne

– Det har ikkje eksplodert, men det er i ferd med å skje noko, seier dagleg leiar i Ecomerden, Jan Erik Kyrkjebø, til iLaks. – Selskapet vårt er i ein gunstig posisjon, seier dagleg leiar i Aquafarm Equipment, Egil Bergersen. Les også: Hydro går inn i fiskeoppdrett Lav omsetning og marginer, viser en gjennomgang iLaks har gjennomført. Jobbar for ytterlegare sal Haugesund-baserte Aquafarm Equipment omsatte for 4,6 millionar kroner i fjor, og fekk ein EBIT på minus 580.000 kroner. Les også: Vil gi laksen «en bedre start på livet». Nå bemanner Ecomerden opp. – Me jobbar kontinuerleg med kundar for å få ytterlegare sal. Me har veldig god dialog med Marine Harvest, seier Bergersen til iLaks. Kyrkjebø i Ecomerden fortel til iLaks at dei har budsjettert med tre merdar i år, som vil gi ein omsetnad på 40-50 millionar kroner. – No legg me opp logistikken til at me kan produsere éin merd på to månadar. Det gir ei effektiv leveringstid på tre månadar, seier han vidare. Kommersielle sal forseinka som følgje av utviklingsløyver Aquafarm Equipment fekk i oktober 2017 avslag på sin søknad om utviklingsløyve, til trass for at dei gjennom EU-programmet «Horisont 2020» hadde fått tildelt 18 millionar kroner. Vedtaket er klaga på. – Det er sjølvsagt gunstig for oss å få utviklingskonsesjonar, sjølv om Aquafarm Equipment står på eigne bein, då utviklingskonsesjonen vil liggja i eit dotterselskap eigd saman med Aquatic Concept Group. Men ting kan tyda på at utviklingskonsesjonane har forseinka kommersielle sal hos oss, ved at oppdrettarar avventar eigne søknadar og prosjekt før dei går eksternt, seier Bergersen. Dette seier Kyrkjebø seg einig i. – Det er akkurat det som har skjedd. No som dei får nei og avslag, skjer det noko. Jan Erik Kyrkjebø framfor den første versjonen av den lukka Ecomerden. Foto: Aslak Berge Bergersen legg til: – Det skjer mykje positivt. Me har ei jamn inntekt frå anlegget me leiger ut til Marine Harvest i tillegg til EU-midlane. Det skjer òg stor aktivitet i postsmoltsegmentet for tida. – Solide eigarar Bergersen overtok nyleg som dagleg leiar i selskapet, etter at Atle Presthaug har trappa ned rolla si. Bergersen kom inn samstundes som Westcon overtok 34,22 prosent av aksjane i selskapet. – Me har no solide eigarar og finansiering frå EU og kommersiell drift. Mellom anna har Westcon-konsernet komen inn på eigarsida. Me har òg utvida selskapet med salssjef og ny dagleg leiar i løpet av 2018, seier Bergersen. Gode resultat i Ecomerden – Me har fått veldig gode tal, utan lus, høg overleving, og låg fôrfaktor. Årsaka til det er at fisken får optimal driftsforhold utan at den vert fysisk handtert. Det gir resultat fordi ein kan konsentrere seg meir om røktinga, seier Kyrkjebø om Ecomerden. Selskapet tilbyr no to ulike variantar av Ecomerden. – Eg trur at oppdrettarane ser moglegheitene med ein driftsform der ein har lukka i første fase og open merd i siste fase. Det ser meir kostnadseffektivt og enkelt ut enn å bygge på land. Då snakkar eg om postmsolt på opp til ett kilo. Me leverer store merdar som tek éin MTB, seier han.

Norske Shell skal bore ny brønn i Nordsjøen

Oljedirektoratet  har gitt A/S Norske Shell boreløyve for en avgrensing- og undersøkelsesbrønn i Nordsjøen. Her skal Norske Shell bore undersøkelsesbrønn. Klikk for større bilde. Illustrasjon: Oljedirektoratet Arealet i dette utvinningsløyvet (373 S) består av deler av fire blokker (se illustrasjon). 20 km fra Knarr A/S Norske Shell er operatør med en andel på 45 prosent. De andre rettighetshaverne er  Idemitsu Petroleum Norge (25 prosent), Wintershall Norge AS (20 prosent) og DEA Norge AS (10 prosent). Brønnen blir boret om lag 20 kilometer sør for Knarr-feltet. Niende brønn Dette utvinningsløyvet ble tildelt 6. januar 2006 i TFO 2005, skriver Oljedirektoratet. Dette er den niende brønnen som blir boret i løyvet.