Kategoriarkiv: elektrisk

Leif (39) forlét millionløn og toppjobb i oljen for å bygge «havets Tesla»

Med six-pence og kapteinsring er det ikkje vanskeleg å sjå kor Leif A. Stavøstrand høyrer heime. – Hadde det berre vore meg, så hadde eg kjøpt ho her. Ho ligg ute til salg no. Eg kunne godt tenke meg å bu i båt, seier florøværingen, og peiker på veteranbåten Sjøtroll som ligg i Puddefjorden i Bergen. Men for familiemannen og den tidlegare direktøren på Saga Fjordbase i Florø, går det ikkje. Det var kanskje gale nok med avgjerda han tok i fjor, då han forlét det han sjølv kallar «den feitaste oljejobben i Florø» til fordel for å bygge noko som ingen før har bygd. – Du veit dei gamle fotoalbuma? Eg hadde sånne, fulle av bilete av båtar då eg var gut. «Madammen» seier eg er båtgal, eg seier eg er båtnerd, seier Leif Stavøstrand, som har ein fjern draum om å bu på båt. Foto: Adrian Nyhammer Olsen/Sysla Klimaentusiast Saman med far hans starta han selskapet Evoy i februar. Namnet er ein forkorting av Electric Voyage, og bedrifta skal bygge elektrisk framdrift for båtar i fritids- og proffsegmentet. – Eg er overtydd at klimaendringane er menneskeskapte. Då måtte eg tenke kva eg kunne gjere. Som familie resirkulerer vi og tenker klima i transport og fly, men eg måtte ikkje berre tenke på mitt fotavtrykk. Eg fann ut at hvis eg skulle gjere en forskjell med andres fotavtrykk, måtte eg bruke erfaringa mi og gjere dette, sier han. Stavøstrand snakkar om heimstaden Florø, den gamle sildebyen som han bur i. – I Florø er det så få jobbar i det offentlege at det ligg i blodet at ein må skape noko sjølv, seier han. Tidlegare kaptein Med tolv år på sjøen, der han gjekk alle gradane frå lærling til kaptein på ein kjemikalietankar, har han også utdanna seg til mariningeniør ved Høgskulen i Bergen i 2010, og han tok ein MBA (businessgrad) på Norges Handelshøyskole i 2015. Leif A. Stavøstrand i sin gamle jobb på Saga Fjordbase. Arkivfoto: Oddleiv Apneseth/Bergens Tidende Året etter blei han administrerande direktør på Saga Fjordbase i Florø. Mellom anna er han stolt over å ha tatt initiativ til eit prosjekt som reduserte klimautsleppa ved fjordbasen. Prosjektet førte til at tida fartøy låg i hamn vart redusert. Då kunne skipa ha lågare fart og utslepp i sitt rutemønster ut frå Florø, utan at det gjekk utover timeplanen. Teikningar på servietter Etter to år i sjefsstolen sa Stavøstrand opp. Han sa frå seg ei løn på 1,3 millioner kroner ifølgje årsrekneskapet til Saga. Saman med far Gunnar Stavøstrand hans skulle han gjere verkelegheit av skissene dei hadde teikna saman under dei mange whiskykveldane mellom far og son. – Det var den tøffaste avgjerda eg og min familie nokon gong har tatt, seier han. – Men timinga er riktig. Far min er oppfinnar og har jobba med oppdrett i 25 år. Eg har mi erfaring, og saman har vi stor tru på dette selskapet. Satser på oppdrett Idéen er elektrisk fremdrift for mellomstore, raske båtar, typisk 20 til 30 fot lange. Store aktørar som Rolls-Royce, ABB og Siemens har kome langt i utviklinga av elektrisk framdrift på ferjer og større båtar, og for dei minste båtane har selskap som Torqeedo og Elco laga elektriske påhengsmotorar. For vanlege fritids- og proffbåtar trur Stavøstrand at den såkalla «rekkeviddeangsten» har stoppa dei forsøka som har vore gjort. Leif A. Stavøstrand i sin gamle jobb på Saga Fjordbase. Arkivfoto: Oddleiv Apneseth/Bergens Tidende Til forskjell frå andre aktørar meiner derimot Stavøstrand at deira samla erfaring og marknadsundersøking dannar eit grunnlag for heile verksemda. – 60 prosent av alle båtreiser er under 25 nautiske mil (om lag 50 kilometer, journ. anm), ifølgje våre marknadsundersøkingar og den store båtlivsundersøkinga i 2018. Ein treng ikkje meir batterikapasitet enn det. Eg har sjølv el-bil, og eg merka jo at denne rekkeviddeangsten fort gjekk over i «ladekontaktangst», og innan oppdrett har allereie alle vi har snakka med tilgjengelig straum til å lade elektriske båtar, seier han. Og det er innan oppdrett han skal satse i begynninga. Eingongskostnaden for båtar som fraktar mannskap frå land til fôrflåte og tilbake kvar dag vert kjapt nedbetalt samanlikna med fritidsbåtar som typisk blir brukt sporadisk i sommarhalvåret. Dobbelt så dyr som vanleg motor Den elektriske motoren er ikkje dyr, men batteripakka koster. Totalt vil eingongskostnaden vere mellom to og tre gonger høgere enn for ein vanleg dieselmotor, men driftskostnadane vil ligge på ein femtedel av ein vanleg båt. Ifølge Stavøstrands reknestykke vil dei låge driftskostnadane og dei nært fråverande vedlikeholdskostnadene gjere at merkostnaden er nedbetalt etter mellom 500 og 1000 timar med bruk av båten. I oppdrettsnæringa brukast slike båtar mellom 400 og 600 timar i året, ifølgee Stavøstrand. For eit oppdrettsselskap betyr det at el-båten er nedbetalt på eit drøyt år eller to, mens for fritidsbåtar vil det ta fem år før det lønar seg å kjøpe elbåt. Leif A. Stavøstrand. Foto: Adrian Nyhammer Olsen/Sysla No har dei landa avtale med Eikefjord Elektro, eit datterselskap av Brødrene Aa, om bistand til utvikling og installasjon av ein prototype. Ein åtte meter lang rib skal få installert el-motor og batteripakke, og Stavøstrand er i ferd med å signere kontrakt med motorleverandøren i desse dagar. Evoy har ein intensjonsavtale med Steinvik Fiskefarm om bruk av båten. – Oppdretterne vi har snakka med er ikkje redd for pris, dei er meir opptatt av at ting skal virke fordi oppetid er viktig. Derfor går vi ikkje rett på salg, men går gjennom prototypestadiet for å kvalitetssikre, seier han. Dei har også fått støtte frå Innovasjon Norge, som har gått inn med 45 prosent av dei dokumenterbare utgiftane opp til 1,1 millionar kroner. Angrar ikkje No er Stavøstrand på jakt etter teknisk direktør og digitaldirektør. Innan året er omme skal Evoy gjere ein retta emisjon for å sikre meir penger i selskapet. Fortsatt har dei ikkje signert første kunden, men Stavøstrand har hårete mål og snakkar om omsetnad i milliardklassen om ti år. Han er sikker på at han gjorde riktig då han forlét gamlejobben. – Eg misunner jo han som har min gamle jobb, ler han. – Men eg har ikkje angra eit sekund.

IEA: Globalt salg av elbiler økte med over 50 prosent i fjor

Kina har det største markedet for elbiler, også her vokste salget med omtrent 50 prosent. Men markedsandelen er også her relativt liten, med 2,2 prosent, viser rapporten fra Det internasjonale energibyrået (IEA) som kom onsdag. Ifølge rapporten er det ventet at salget av elbiler vil øke betydelig fram mot 2030, som følge av politiske tiltak og kostnadsreduksjoner. Det understrekes at det er nødvendig med hjelp fra politisk hold dersom salget av elbiler i framtiden skal overgå diesel- og bensindrevne biler. – De største elbilmarkedene i volum (Kina) og markedsandel (Norge) har hatt den største politiske viljen, heter det i rapporten. Dersom lovgivere verden over holder sine miljøpolitiske løfter kan antallet elbiler på veiene nå 125 millioner innen 2030. – Fremover kommer de sterkeste signalene fra politisk hold fra Kina og California, i tillegg til EUs nylige forslag om kutt i CO2-utslipp fram mot 2030, står det videre. EU har satt som mål å kutte utslippene av klimagasser med 40 prosent fra 1990-nivå innen 2030. Norge har satt det samme målet. Frankrike, som har den største bilindustrien i Europa etter Tyskland, har satt som mål å stoppe salg av diesel- og bensindrevne biler innen 2040, for å møte målene i Parisavtalen.

Historisk elbil-måned i juni

Seks av de sju mest kjøpte modeller er elbiler. Elbil-markedet sikret seg en solid, historisk homerun i juni måned. For første gang i norsk bilhistorie ble det registrert flere elektriske biler enn biler med dieselmotor, bensinmotor, som ladehybrid eller som vanlig hybrid. Nullutslippsbiler topper statistiskk for første gang Det ble totalt registrert 3948 nye personbiler med nullutslipp. Det er 2042 flere (+107,1 %) enn i juni 2016. Hele 27.7 prosent av de nye bilene var batterieletriske. Legges ladehybridene til nådde de ladbare bilene et samlet volum på 42,2 prosent, det melder OFV (Opplysningsrådet for Veitrafikken AS) Seks av sju mest populære biler er elektriske Takket være store leveranser av elektrisk Golf, Tesla Model X og Opel Amepra-e, samt oppsiktsvekkende høyt salg av Renault Zoe, var også seks av de sju mest populære bilmodellene i juni en elbil. Det betyr at de mange prognoser ved inngangen til 2017 om at bilsalget kom til å gå ned i år, så langt er gjort ettertrykkelig til skamme, melder bilnorge.no.  – Det har aldri blitt registrert så mange elbiler i en enkeltmåned i Norge før, sier Solberg Thorsen. Og for første gang fikk elbilene en markedsandel som er høyere enn både diesel- og bensinbiler. Sammen med de nye personbilene med hybriddrift fikk bilene med alternative drivkilder en samlet markedsandel på 52,7 prosent i juni. Dette viser at nybilkjøperne tar stadig mer miljøbevisste valg, hevder direktøren i OFV i en pressemelding. Mest solgte biler i Norge, juni 2017 VW Golf: 1258 (av disse var 874 VW e-Golf) Tesla Model X: 609 Renault Zoe: 428 4: BMW i3: 420 VW Passat: 393 Opel Ampera-e: 389 Nissan Leaf: 384 Skoda Octavia: 364 Mitsubishi Outlander: 358 Toyota RAV4: 350 Kilde: Opplysningsrådet for Veitrafikken